Dikt om språket
Dikt om språket die.
Amanda Gorman – krafta i diktinga, krafta i språket
Foto: Peter Stevens, Flickr
Under innsetjinga av president Joe Biden i USA var det ei ung kvinne som proklamerte eit dikt som svært mange av oss kjem til å hugse.
Dikt om språket in english
Gjennom framføringa av diktet «The Hill We Climb» vekte Amanda Gorman både internasjonal merksemd og jubel.
I denne omsetjingsoppgåva skal elevane ta utgangspunkt i ein dagsaktuell lyrisk tekst, og reflektere over kva slags kraft dikting kan ha.
Det er også ei målsetjing at elevane skal reflektere over likskapar og ulikskapar mellom engelsk og nynorsk, og bruke faglege omgrep i samtalar om språk. Ved å omsetje teksten vert han meir tilgjengeleg for elevane, samstundes som elevane får arbeide med språklege tema som er sentrale i norskfaget.
Omsetjingsoppgåva i denne ressursen er ei tverrfagleg oppgåve i faga norsk og engelsk.
Arbeidet med diktet kan også integrerast i andre fag, til dømes samfunnsfag. Nedst i ressursen ser de korleis oppgåva er forankra i desse tre