Frukttrær blomstring
Blomstring i hardanger når video...
Når startar fruktblomstringa i Hardanger?
– Allereie i mars kan det kome telefonar frå turistar som vil planleggje årets Hardangertur, fortel seniorforskar Mekjell Meland ved NIBIO Ullensvang.
– Så tidleg er det ikkje mykje vi kan seia.
Tidspunktet for blomstringa er veldig temperaturavhengig og kan variere med nokre veker frå år til år, forklarer den erfarne frukteksperten.
Tretti år med registreringar
Likevel treng ikkje seniorforskaren å lene seg utelukkande på lang erfaring.
Morellblomstring i hardanger
I tretti år har Meland gjort nøyaktige fenologiske registreringar av utviklinga til knoppane og blomstrane. Når ein kjem utover i april, blir prognosane sikrare og sikrare.
– Vi bruker den såkalla BBCH-skalaen der kvart stadium har eit eige tal, forklarer fruktforskaren frå Ullensvang.
– Vi registrerer ulike stadium frå svellande knoppar til avblomstra.
Viktige stadium er musøyrestadiet (56), tett klyngje (57), ballongstadiet (59), byrjande blomstring (60), full blomst (65) og byrjande kronblad