Andre haugsbø
Andre haugsbø net worth
Andre haugsbø son!
Slik ladar han opp til 7 mil på ski
Full gass og blodsmak i munnen er det André Haugsbø frå Gaular ladar opp med før han søndag skal gå 70 kilometer med ski på beina.
- Det er nok stor forskjell på rando og Marcialonga, men mykje moro er det med begge deler, seier Haugsbø.
Sjå korleis det går når Haugsbø deltek i Norgescupen i rando i videoen over.
Skal gå sju mil på ski
Det er tydeleg at skiløparen frå Bygstad likar å slite seg ut.
Søndag spenner han skia på beina og tek til på 70 kilometer gjennom skogane i Italia.
For sjette gang skal Haugsbø vere med på turrennet Marcialonga og målet er å bli blant dei beste.
- Det beste eg har frå før er ein plass, så er håpar å klare minst det, seier Haugsbø til NRK to dagar før løpet.
(Artikkelen held fram under biletet)
Ladar opp med blodslit
Men 70 kilometer i klassisk stil krev sitt av sjølv topptrente skiløparar.
Som del av oppladinga til det knallharde skirennet deltok Haugsbø i Norgescupen i Rando som i år gjekk i