Skalldyrallergi oppkast
Kryssallergi skalldyr!
Skalldyrallergi behandling
Skaldyrallergi er allergisk overfølsemd mot skaldyr. Det er to ulike grupper skaldyr, krepsdyr som omfattar reke, krabbe, hummar, scampi, kreps og krill, og blautdyr der vi finn skjel (blåskjel, østers, kamskjel og andre), snigel og blekksprut (akkar og åttearma blekksprut).
Mest vanleg er allergiane matallergiar, men det kan også vere luftvegsallergi eller hudallergi, særleg hos arbeidarar i sjømatindustrien og på kjøkken.
Skaldyrallergi og særleg rekeallergi er av dei mest vanlege matallergiane hos vaksne.
Allergien er ofte varig. Skaldyrallergi kan ha alle grader av alvorlegheit, frå lett kløe i munnen til livstruande pustevanskar, blodtrykksfall og hjartestans.
Alvorlege tilfelle må snarast råd bli behandla med adrenalininjeksjon (EpiPen eller tilsvarande), og pasienten skal ligge med beina heva.
Symptom
Symptoma ved skaldyrallergi er som ved annan matallergi på grunn av IgE.
Dei kan sette inn nesten øyeblikkeleg etter kontakten med maten, eller etter nokre minutt.